Iselinsmuget

Iselin Røsjø Evensens generelle kroting.

Helvetet er på jorda

leave a comment »

Kalendersmuget, luke 2:

Utdrag fra Arne Garborgs dagbok, 25.12.06

Arne Garborg (av Eilif Peterssen)

Jol.

Høgtid. Klokkeringing. Jolevers. Jolepreiking. Jolebilæte. Jolegåvur. Jolestas. Joleglede. Jolebrennevin. Jole-snikksnakk. Fred på jordi og hugnad med menneskjom …

Det fysste eg fekk i hendane i dag er et blad som fortel um tilstandi i Russland. Der er avprenta brev frå nokre gode ærlege menneskje som hev vori med på eit eller anna som skulde hjelpe fram-yvi mot rett for folket; for dette er dei i Guds og tsarens namn drepne …

Men Russland, det er då berre ein villmansheim. Ikkje bry seg um Russland–

So les eg eit stykke frå det hochkultivierte Deutschland. Tyske kulturherrar i Afrika driv vald, dråp, villskap, griseskap, i namn av kultur, rett, stat, kristindom …

Fred på jordi; hugnad med menneskjom. Ein sputtar. Ein hiver bladi og vaskar hendane. Hjelper ikkje. Ufysin, ufysin, ufysin kjenner ein seg av å vera menneskje, av å høyre med til denne vargeheimen som kaller seg kultur, kristindom o.s.fr.; det er helvitet, er det; me tarv ikkje «tru» på helvitet; me er i helvitet livs livande.

Jol!

Uh, ein vert so elgjen. Åh, ein vert so trøytt. Og so tenkje på, at i denne stundi stend det femtan millionar prestar i femtan millionar kyrkjur, og preikar blidelig om Gud, Faderen, um Sonen, Frelsaren, um Anden, kjærleiken, um kyrkja, broderskapen; lygn, lygn; lygn som lugtar …

* * *

— Det er kje sant at godt fær si løn og vondt si straff; dei gode vert nedtrampa; dei vonde gjeng stolte ikring og gjer som dei vil; so døyr dei i ro og fær ei herleg likferd me kyrkja signande og folket syrgjande; sanninga er: sterkt fær si løn um det er aldri so vondt; men det veike må taka sitt Golgata, um det so er sjølve Messias.

Nietzsche hev rett. Verdi er helvitet; Fanden er Vårherre.

* * *

— Det Gudsriket ein skal vinne fær ein byggje seg sjølv; det ser eg klårare og klårare. Og difor er Jesus «Messias»: for di han lærde oss det. Verdi vert helvitet, til dess me kvar for seg lærer å byggje ho um til himil; kvar som vinn so langt som til å byggje verdi etter si eigi grunnlov, han er sæl, midt i helvitet. Det må og vera tanken hjå denne forunderlege dansken Jørgen Gry – som eg i dag fekk ei jolehelsing frå: eit brev som ikkje er prenta, men handskrivi og kopiera –; det er eit serskilt mål han hev skapt seg for tankane sine; men dette må vere meiningi. Sin Messias hev kvar i seg sjøvl, meiner han; seg sjølv, sitt sanne, sitt upphavelege sjølv skal kvart menneskje lìva fram, då gjer det «Guds vilje»; og då hev det, her i verdi, sæla, um verdi elles er aldri so fæl. I sjølve den ting å hjelpe til med å skapa verdi um frå det helvitet ho er, til det himilriket ho skal vera, i den gleda som fylgjer med det å lìva fram si eigi grunnlov, ligg himilriket vårt.

Jesus hev vunni himilen for oss ved å lære oss å vera med på å døyva helvitet. Og døyve helvitet, det må me gjera sjølve. Det vilde lite nytte, um det var ein Gud som gjorde det.

– Det fær eg då holde jol på.

____________________

*Utdraget er hentet fra boka «Arne Garborg – Dagbøker fra Labråten. I utval.» Redigert av Tor Obrestad.

Advertisements

Written by iselinsmuget

02/12/2010 kl. 07:36

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: